ARKIV
  SØK
  Forsiden
  Spilleplan og priser
  Forestillinger
  Billetter
  Om teatret
  Skuespillere
  Praktiske opplysninger
  Teater for unge
  Kontakt oss
  Kundearrangementer
  Aktuelt
  Presse
  Arkiv
  Logg inn
 Ros & ris
Hålogaland Teater
Teaterplassen 1
Postboks 840
9258 Tromsø
Tel: 77 60 64 00
Faks: 77 60 64 01
Epost: post@ht.tr.no

Billettkjøp:
Nettkjøp

Hamsuns verkelege feberfantasi

Året er 1895 og den 36 år gamle forfattaren K nut Hamsun tar inn på Frøken Hammers Pensionat på Ljan i Oslo. Her er også Bergljot Bech Göpfert, ei 22 år gammal kvinne, som er på pensjonatet og pleier den sjuke mora si, som ligg for døden.

Knut Hamsun blir betatt av denne kvinna. Han seier at ho kan gjere han til keisar. Ho er både vakker, rik - og gift. Ho er drømmekvinna som Knut Hamsun berre har skrive om tidlegare. Bergljot Bech Göpfert vart i Kristiania lenger enn planlagt og utsette heimreisa til ektemannen i Wien. For første gong ser Hamsun for seg korleis det ville vore å leve heile resten av livet i lag med ei kvinne. Og han skriv Feberdigte. Kvinna i diktet heiter Alvilde. Diktet kjem på trykk i eit blad - og dei andre gjestane på Frøken Hammers Pensionat skjønnar fort at kvinna han skriv om er Bergljot Bech Göpfert.

Gud glæde dig, Alvilde,            

hav Tak for hvert Minut.

Du gav mig mange Navne

og kaldte mig din Haand og Mund

og du var min en liden Stund.

Gud glæde dig, Alvilde

Sommaren etter oppheld KnutHamsun seg på eit sanatorium i Etnedal og skriv brev til ein av gjestane på pensjonatet, ei eldre kvinne. Han skriv at han ikkje lenger er sjuk, det er han berre når hans skriv, påstår han i brevet:

"for da er jeg lidt gal og slider for tungt. Og nu vil jeg ikke gøre mange bøger mer, men stikke mig væk  fra folk og få mig en kålhave og ei kjærring og ei gjeit." Og han la ikkje skjul på i brevet  den kjerringa han såg for seg, var Bergljot.

Bergljot vil ikkje tilbake til ektemannen i Austerrike og ho søkjer om å få skilje seg frå han. Bergljot og Hamsun møtest i smug, i Kristiania, i Ås, på Lillehammer hotell, i København. Knut Hamsun er i ein feberrusa, han er oppslukt. Men kjenner seg også forfølgd. I eit dikt til Bergljot skriv han:

"onde øine vogter på vor vej,-

det er ham, den østerrigske hund."

Den austerriske hunden er Begljots ektemann. I 1897 får ho lov til å skilje seg i frå han og ho søkjer med ein gong om å få gifte seg med Hamsun. I mai 1898 blir dei gift. Men feberrusen varte ikkje evig. I 1906 var ekteskapet over, to år etter at Feberdigte kom ut i bokform, som eit av dikta i Det vilde kor.

Den Taake jeg ser, er det Dødens Land?

Der ligger et livløst Hav der ute

og midt i Havet en blindfødt Ø:

det er Dødens Land.

Jeg kommer, jeg breder Armene ut

og synker imot dig evindelige ....

 

(Kjelder: Ingar Sletten Kolloen: Hamsun. Svermeren og Knut Hamsun: Det  vilde kor)

Bookmark and Share

Bli teaterkontakt!
Er du glad i teater? Vil du være informert om våre planer og prosjekter i Tromsø og på turné? Registrer deg som teaterkontakt!
Les mer
Teater for unge
Vi ønsker å satse enda mer på barn og ungdom i framtiden og samarbeider tett med Den kulturelle skolesekken.
Les mer

Samarbeidspartnere:

 
Webdesign: Rød Tråd AS | Webutvikling: Kontakt Media